Amatørkulturrådet Øygarden



 
30.03.2022




10.07.2021


Vi har utlyst ei annonsering som går på Facebook, websidene våre og som kjem i Vestnytt i neste veke:

Kunstnarar blir med dette inviterte til å søkja støtte/delfinansiering til installasjonar som tåler å stå ute.
Det er eit vilkår at kunstnarar som får tilsegn om støtte, må ha verket ferdig innan 1.november i år.
Det er ein fordel om kunstnaren har ei kobling med lokale opplevingsbedrifter. Samarbeid med høgskule/universitet/næringsliv vektar sterkt.
Vi ønskjer å styrkja dei kreative næringane i kommunen og bidra til å skapa opplevingar som er retta mot aktivitet heile året for tilreisande og innbyggjarar.

Søknad
Send søknad med prosjektskisse og budsjett til Øygarden kommune innan 9.august. Maks støtte er kroner 100 000.
Søknad skal sendast til postmottak@oygarden.kommune.no og merkast med «Kunstprosjekt - Opplev Øygarden»



Amatørkulturrådet Øygarden er eit felles organ for kulturlivet i nye Øygarden Kommune. (Tidlegare Fjell, Sund og Øygarden kommuner).

Kulturrådet er eit frivillig, partipolitisk nøytralt og uavhengig organ for kulturorganisasjonar, lag, kulturgrupper, enkeltpersonar og lokale fagråd (som Folkeakademiene og Sotra Musikkråd). Amatørkulturrådet Øygarden skal arbeida for at innbyggjarane i den nye storkommunen skal få ein moglegheit til å utøva og oppleva kultur ut frå sine respektive ønske og behov.

Kulturrådet skal vera ein positiv verdiskapar og pådrivar i samfunnet for å styrke vilkåra for amatørkulturen og fungera som ei drivkraft for kulturlivet. Arbeidet i kulturrådet skal leggja vekt på frivillig innsats, demokrati, likeverd og lojalitet.
All kulturell aktivitet skal byggja på grunnverdiar som kulturglede, fellesskap, inkludering, meistring og oppleving.

Kulturrådet skal mellom anna:
  • Styrke kulturen si rolle og rammevilkår i regionen.
  • Styrke samarbeidet mellom alle frivillige kultur- og amatørkulturorganisasjoner i regionen.
  • Kulturrådet skal vera eit felles talerøyr for det frivillige kulturlivet andsynes politikarar, offentlege styresmakter og kulturlivet sine eigne fellesorganisasjonar.
  • Dokumentera og synliggjera breidden i kulturlivet.
  • Vera ein utviklingsarena og skapa møteplassar mellom det offentlege og kulturlivet.

Medlemskap
Alle kulturorganisasjonar som har sitt virke innanfor amatørkulturlivet og/eller som har hovudvekta av arbeidet sitt innanfor amatørkulturområdet kan vera medlem av kulturrådet. Medlemskap i rådet er gyldig når laget/organisasjonen har stadfesta medlemskapen, og har ein ansvarleg kontaktperson vald av medlemsorganisasjonen.